Sideoversikt Større skrift Om fuglehunden Kontakt

Cæsar - ung og håpefull  (del 3)

Cæsar del 1

cæsar del 2

 

Då dette vart skrive, var Cæsar snart 7 månadar. Cæsar er ikkje lenger ein liten kvalp, men har utvikla seg fint til å bli ein ung og aktiv hund. Han er ca 44 cm høg (målt på skuldra) og har tatt til å løfte på foten når han tissar. Oddbjørn har vore mykje i fjellet/skogen med han, og så langt ser alt til å være som det skal. Cæsar begynner å gå bra ut i søk, og stand har det også blitt (synsstand). Det artige er å sjå at han jobbar så godt som i eit, frå han spring ut og til han blir kalla inn.

Oddbjørn har så langt brukt "godbitmetoden", og har god tru på dette. "Han får sjølvsagt ikkje noko kvar gong, men av og til". Oddbjørn plystrar, og ikkje så lenge etterpå er Cæsar på plass og får ein godbit. "Det er ikkje så gale ditta, eller?" spør Oddbjørn medan han puttar ein godbit i munnen på hunden. Han er likevel bevisst på at han ikkje ropar hunden inn for ofte når han er ute i søk, då han ikkje vil at Cæsar skal få til vane med å komme inn til han heile tida. Trening på innkalling har for det meste skjedd rundt huset og på turar langs stiar og skogsvegar.

Den 09.09 vart Cæsar presentert sau for første gong. Han var ikkje særleg lysten på dei store vêrane, men når ein lite lam vart sluppen aleine, ja då vart det fart i sakene. Cæsar sprang friskt etter, men stoppa fort når støtet kom. Oddbjørn har tru på at det er godt han fekk denne opplevinga tidleg, då han har særs dårleg erfaring med sau og den forrige hunden sin som var ein grosser münsterlander. Kullbror til Cæsar, Lukas, var og til stades. Lukas var ikkje like lysten på verken dei store eller det vesle lammet, så han reiste heim utan å merke noko til det ubehaglege bandet rundt halsen.

Cæsar har nesten frå starten av vore heime aleine på dagtid, men Oddbjørn har vore heim minst ein gong for å sjå til han. I tillegg så startar Oddbjørn sin arbeidsdag tidleg og er såleis tidleg ferdig. Dette får Cæsar nyte godt av, så det blir gjerne ein luftetur på bøane like ved Førde sentrum tidleg på dag, og ein skogstur seinare. På "bøturane" syklar Oddbjørn, medan Cæsar får springe laust.

Tida framover blir veldig spennande, då ein kan forvente at det skjer ein del i den alderen. Samt at jakta er godt i gang og kanskje skal Cæsar få prøve seg på skikkelege saker, om han er moden for det.

 

Jan B. Skrøppa

Csar 1

 Oddbjørn bruker godbitmetoden

 

Csar 2

Cæsar presenteres for sau

 

Fuglehunden AS © 2008
Nils Hansens vei 20, 0667 Oslo
fuglehunden@klubb.nkk.no

Webredaktør
Roy Allan Skaret

Annonsering | Kontakt | Arkiv Utviklet av Tag Studio AS
Driftet av Mediaweb.