Sideoversikt Større skrift Om fuglehunden Kontakt

 

Cæsar - ung og lovande (del 2)

 

 Har du ikke lest del 1 - du finner det her

 

 

I skrivande stund er Cæsar blitt over 4 månadar. Utifrå slik han framstår i dag, så har han utvikla seg riktig så fint.

Oddbjørn og Bjørg er begge godt nøgde med valet dei tok, både når det gjaldt val av rase og individ. Oddbjørn seier at den forrige hunden deira, Zico (GM), også var ein veldig triveleg hund som kvalp, men den gjorde også meir "utav seg" inne i huset. Cæsar er ein mykje rolegare hund generelt, og det virkar som at han tar ting relativt lett.

Oddbjørn seier at han har prioritert å trene på innkalling og sitt, noko han meinar er viktig. Han seier at Cæsar enno ikkje har fått prøve seg på rypevinge eller anna, då han vil at Cæsar skal ha det meste av "basic" grunndressur inne først. Oddbjørn har trent ein del på sitt og bli, og har på denne måten allereie utvikla eit godt leiarforhold til Cæsar. Oddbjørn har valt å bruke godbit betoden for belønning, og synast det har virka godt.

Til tross for at Cæsar er ein relativt roleg og snill kvalp, så viser han rett så det er at kroppen også er til for fart og spenning. Oddbjørn er imponert over kor fort den vesle kroppen spring.

Sjølv om livet til Cæsar ikkje er så veldig mange månadane, har han alt vore på campingferie og mange tura på hytta i Gaular. Ein god del fjelltura har det også blitt på han, noko som allereie vises i form av ein muskuløs og spenstig kropp. Oddbjørn er obs på at han ikkje må gå for lange tura med Cæsar i starten, men meinar at så lenge som Cæsar går på med glede så tar ikkje hunden skade av det.

Cæsar vart forholdsvis tidleg husrein. Enkelte episodar kan enno forekomme, men dette er for det meste når han blir litt ivrig/glad. Då hender det seg at det kjem nokre smådråpar på golvet.

Nye, kvite og pene tenner har det også kome i både under- og overkjeften. Enno er det berre dei små i fronten som har kome som nye, men det kan sjå ut som at resten snart er på veg å bli skifta ut. På denne tida er det viktig at kvalpane har noko å bite i, så slepp det å gå utover inventar, sko osv. Cæsar får til tider griseøyre å tygge på, noko som er veldig populært. Kvalpepelsen har blitt skifta ut til ein tettsittande og god bretonpels. Så det er ikkje tvil om at tida som "tenåring" er like om hjørnet.

Cæsar var i starten litt skeptisk til bilkøyring, noko som heldigvis gav seg etterkvart. Cæsar har no fått seg sin egen hundegård, og Oddbjørn seier at han aldri har hørt lyd frå Cæsar når han har vore ute i den. No når ferietida er over, reknar Oddbjørn at hundegården vil bli nytta til lenger dagar, og at Cæsar vil finne seg i dette. "Han vil nok forlange litt ekstra tur på kvelden då" seier Oddbjørn med eit smil om munnen.

Den 23.06 ringte Oddbjørn til underteikna og fortalde at under ein fjelltur, så hadde Cæsar vore i kontakt med ei rype. Oddbjørn meinte at det var teikn til stand, "så dette ser lovande ut", sa Oddbjørn. Ein høyrer at Oddbjørn for lengst har tatt til å glede seg til hausten og jakta, til tross for at han veit at det først er til neste haust ein kan vente at det blir noko jakthund av Cæsar.

 

Jan B. Skrøppa

Csar 6

Cæsar, ein ung hund som begynner å ta form.

Csar 1

Cæsar og far Basse – ein tolmodig eldre mann

 

Csar 2

 Cæsar elskar å terge nabokatten...

 

Fuglehunden AS © 2008
Nils Hansens vei 20, 0667 Oslo
fuglehunden@klubb.nkk.no

Webredaktør
Roy Allan Skaret

Annonsering | Kontakt | Arkiv Utviklet av Tag Studio AS
Driftet av Mediaweb.