Vi vil følgje med på kvalpen Cæsar si utvikling frå han blir levert til sin nye eigar og fram til han er blitt ein nesten vaksen fuglehund. (Denne artikkelserien har gått i bladet vårt, Fuglehunden, over 2 år)
Cæsar er født 5. mars i Førde, hos Svein Gravdal, og er frå eit kull på 7 kvalpar. Foreldra er NUCH Perkars Basse og Stina.
Cæsar skal "flytte" til Oddbjørn og Bjørg Farsund, som også bur i Førde.
Oddbjørn var og tok ut Cæsar allereie då han var 3 - 4 veker gammal. Oddbjørn synast ikkje det var enkelt, då alle kvalpane var ganske så like og fine alle saman. Først var det valet mellom hann eller tispe, så var det val av individ. Oddbjørn bestemte seg for ein hannhund, då det er dette han har hatt tidlegare og var nøgd med. Valet vart den minste hannhunden, då denne virka for å være ein roleg og avbalansert kar, samstundes at det var nok av liv når det var tid for det.
Oddbjørn og Bjørg har aldri hatt breton før, men har hatt til saman 3 hundar tidlegare. Den forrige hunden, Zico, var ein Grosser Münsterländer. Zico hadde dei fram til hausten -07, og saknet etter Zico var ikkje til å benekte. Dei ville begge etterkvart ha seg ein ny hund, og valet fall denne gong på breton. Ein hunderase som dei begge kjente lite til, men som Oddbjørn har sett på treningssamlingar og elles høyrt mykje godt om. Det var heller ikkje til å "stikke under ein stol" at spesielt Bjørg ville ha ein mindre hund, då Zico vart i største og sterkaste laget til å gå på tur med.
I dag, 5 mai, er tida endeleg komen for at Cæsar skal hentast heim til Oddbjørn og Bjørg. Køyreturen vil ikkje bli lengre enn knappe 10 minutt, men kan kanskje bli lang nok for ein kvalp som berre så vidt har køyrt bil før.
Barnebarnet Daniel var svært spent på korleis kvalpen såg ut, så også han var med på hentinga. Dette var og Bjørg sitt første møte med Cæsar og kullsøskena, og ho synast at kvalpane var skikkeleg flotte. Det var no nokre veker sidan Oddbjørn hadde sett Cæsar, og synast at han hadde vakse og utvikla seg fint.
Oddbjørn har tru på at Cæsar skal bli ein fin og god hund, og gledar seg til å kunne jakte med han når den tida kjem. Dersom alt går slik Oddbjørn håpar på, så vil han etterkvart stille Cæsar både på utstilling og jaktprøve
På køyreturen heim til Oddbjørn og Bjørg, fekk Cæsar sitte på fanget til Bjørg. Køyreturen såg ikkje ut til å påverke Cæsar i det heile, så ein håpar at dette skal gå fint også seinare. Oddbjørn vil "smi medan jernet er varmt" og ta med seg Cæsar på ein del køyreturar framover. Likevel vil det ikkje bli meir tura på Cæsar denne dagen, då han skal få tida til å gjere seg kjent i sin nye heim og hage.
Oddbjørn synast det er ei fin tid å få kvalp på, då den kan være mykje ute. Han vil etterkvart få laga seg ein hundegård, og prøve å få tetta alle "smotthola" ut av tomta, slik at Cæsar kan gå trygt ikring huset utan å stikke av.
Cæsar fant seg fort til rette, og måtte etterkvart leggje seg nedpå og slappe av. Første natta gjekk etter forholda bra. Cæsar låg i ei kasse ved senga til Oddbjørn. Dette hjalp på trivselen til Cæsar, men Oddbjørn sov litt tungt så Cæsar gjorde det han måtte og la seg til igjen. Dette er slik ein må rekne med, var kommentaren til Oddbjørn og ein kan høyre på stemma at Oddbjørn virka godt nøgd med ein hund i huset igjen.
I huset var det frå før ein godt vaksen kastrert hannkatt. Denne er heldigvis vant til hundar, så møtet mellom hund og katt gjekk heilt fint.
Neste gong vil ein kunne lese om korleis dei første månadane til Cæsar saman med sin nye familie har utvikla seg og om dei første "dressur-trenings øktene".
Jan B. Skrøppa

Oddbjørn møter Cæsar (nesten 4 uker) for andre gong

Cæsar, ein flott og håpefull kvalp

Både Oddbjørn og barnebarnet Daniel ser ut til å være nøgd med valet